Ein dag midt i Hardanger. Omkransa av fjell og fjord. Lokale brygg, ekte smakar og god stemning. Ølfest Hardanger er ein intim og triveleg ølfestival der mikrobryggeri, siderprodusentar, matfolk og musikarar frå bygda og regionen samlast for å feire handverk, natur og fellesskap.

Me ynskjer å lage ein årleg møtestad der folk kan smake godt lokalt øl og sider, eta skikkeleg mat, høyre musikk – og berre ha det fint saman. Her møter du bryggjarane andlet til andlet, får høyre historiene bak produkta og får høve til å oppdage nye favorittar i rolege vakre omgjevnader i hotellhagen i Øystese.

Dette er ikkje ein storbyfestival.
Dette er Hardanger.

Kjøp festivalpass her

Kjøp festivalpass her •