Øystese | Laurdag 25. april 2026

Øystese | Laurdag 25. april 2026 •

Velkomen til Ølfest Hardanger

Godt øl, deilege smakar og folkefest i hjartet av Hardanger

Kva skjer?

Lesk og mat. Skummesalen. Hardanger Bryggeri.

Hotellhagen og Skummesalen

Det vert servert god lesk og deileg mat gjennom heile festivalen. Øl, sider og alkoholfritt. Varme og kalde matrettar. Alt frå lokale bryggeri, produsentar, kjøkken og gardar.

Live musikk. Mia Berg. døssi.

Skummesalen

Artistane Mia Berg (t.v.) og døssi (t.h.) spelar harmoniske tonar og lagar magisk stemning når me flyttar oss frå Hotellhagen til Skummesalen for å fortsetja festen.

Fest i Skummesalen.

Skummesalen

I Skummesalen vert det live musikk, DJ på høgtalarane, vidare servering og gode samtalar. Det vert kåring av mellom anna årets festivaløl – her er det publikum som bestemmer.

Om festivalen

Ein dag midt i Hardanger. Omkransa av fjell og fjord. Lokale brygg, ekte smakar og god stemning. Ølfest Hardanger er ein intim og triveleg ølfestival der mikrobryggeri, siderprodusentar, matfolk og musikarar frå bygda og regionen samlast for å feire handverk, natur og fellesskap.


60° 23' 10" N
6° 12' 4" E

Kva er greia med logoen?

Godt øl krev erfaring og tid.

Ei kjenge er eit drikkekar for øl som er unikt for regionen – Hardanger og Voss. Me ynskjer å gå tilbake til røtene, med fokus på historie, tradisjonar, handverk og tolmod.

Hjorten er kresen. Det er me og!

Hjorten er eit ikonisk dyr i Hardanger, til tross for at den òg er vanleg å sjå andre plassar i landet. Den er kvalifisert som mellombeitar, noko som vil seie at den er oppteken av kvalitet i næringa.

Overnatting

Gjer det til ei heil helg!

Det lokale hotellet tilbyr festivalpakke med festivalpass, overnatting og frukost. Perfekt for deg som vil nyte dagen – utan å stresse heim.